Føremål

Driftsassistansen skal legge til rette for nettverksbygging og erfaringsutveksling på tvers av kommunar. Vi skal vere ein pådrivar for å sette nye erfaringar på dagsorden. Det handlar både om forsking og rapportar, men òg om praktiske erfaringar frå heile Norge. Vi skal arrangere konferansar, fagtreff, samlingar og fellesprosjekt. Styret i Driftsassistansen er sett saman av tilsette hjå medlemmane, dei gjev innspel til det faglege innhaldet gjennom faste styremøte.