Fagkonferansen i Sogndal (Last ned foredrag her)

71 deltakarar var med på fagkonferanse over to dagar i Sogndal. Den første dagen handla det om lekkasjereduksjon med foredrag frå både kommunar og leverandørar.

På dag to var Sogndal kommune i fokus. Me fekk høyre om vassverka, frå Sogndal kommune sjølv, men òg frå fleire aktuelle leverandørar. Sognekraft holdt eit innlegg om utbygginga av både kraftproduksjon og vassforsyning på Leikanger. Me avslutta dagen med synfaring på Vangestad vassbehandlingsanlegg.

Sogn synte seg frå si vanlege vakre side begge dagane, og oppvartninga på hotellet var god. Me takkar alle for deltakinga.


Her kan foredraga lastast ned (Volue og Pipelife er ikke motteke enno):


Forrige
Forrige

Fagmøte om beredskap - Last ned foredrag

Neste
Neste

Revisjon av kommunaltekniske VA-normer