Reduksjon av parametrar for Stryn kommune
Siv. Ing. Tobias Dahle As bistår Stryn kommune med å sjå gjennom prøvetakinga. Føremålet er å fjerne parametrar som ikkje gjev nytte i prøvetakinga. Erfaringsmessig kan store deler av prøvegruppe B reduserast i frekvens, eller fjernast heilt.
Kriteria for å setje slike endringar i verk er:
Ein må ha ein godkjend prøveserie jmf. drikkevassforskrifta
Ein må gjennomføre ei risikovurdering knytt til reduksjonen/fjerninga av kvar parameter, for kvart vassverk
Mattilsynet må akseptere risikovurderinga