Vi vil med dette få invitere til fagdag der temaet er praktisk byggeleiing. Målgruppa er i første rekke driftsoperatørar og ingeniørar i kommunane. Fagdagen blir gjennomført på Scandic Hell hotell på Stjørdal måndag 27. februar frå kl. 08.30.
Påmelding gjerast ved å fylle ut skjema lenger nede på denne sida.
Formålet med fagdagen er å redusere feil og manglar på nyanlegg innan VA sektoren. Eit viktig tiltak er å sørge for god erfaringsutveksling frå erfarne byggeleiarar. Dette skjer best i mindre grupper. Vi har derfor lagt opp til maks. 40 deltakarar fordelt på ei gruppe før lunsj og ei gruppe etter lunsj.
Programmet er dermed som følger;
08.30 – 11.30 Praktisk byggeleiing – gruppe 1 (maks 20 deltakarar)
11.30 – 12.30 Felleslunsj
12.30 – 15.30 Praktisk byggeleiing - gruppe 2 (maks 20 deltakarar)
Praktisk byggeleiing
Til innleiing vil erfarne byggeleiarar frå kommunane Melhus, Stjørdal og Trondheim vise praktiske eksempel frå VA anlegg. Særleg fokus vil det vere på detaljar der det erfaringsvis kan oppstå feil og manglar i byggeprosessen. I etterkant av dette er det fri erfaringsutveksling mellom deltakarane.
Deltakaravgifta er sett til kroner 2500,- eks mva. inkludert lunsj og leige av møterom.
Vi håper det av interesse for dykkar kommune å delta. Eventuell påmelding gjerast med å fylle ut skjemaet under. Frist for påmelding er sett til fredag 26. januar.